Stranda Energi AS

 

Stranda Energi AS har kraftsalg, kraft produksjon og linjenett, i same selskap, og er 100 % eigd av Stranda Kommune.

Stranda Kommune er lokalisert på Sunnmøre. I kommuna er det 4 bygdelag, der Stranda er kommunesenteret, foruten Liabygda er det dei kjende turistbygdene Geiranger og Hellesylt. Vi har eit svært variert næringsliv, og er ei stor reiselivskommune. Med vår fine og varierte natur, kan vi tilby eit fantastisk turterreng både sommer og vinter. Vi er om lag 4700 innbyggjarar, og arealet til Stranda kommune er på om lag 867 km2.

Stranda Energi hadde i 2007 ein energiomsetnad på om lag 114 GWh i eige nett, og om lag 100 GWh til eksterne kundar. Vi har 115 km med høgspent kraftlinjer og 45 km med høgspent kabel som fordelar straumen til 3000 nettkundar. Vi har eigenproduksjon på om lag 60 GWh i Fausa Kraftverk og i Furset Kraftverk.

Stranda Energi var av dei første energiverka som tok i bruk 2-vegs kommunikasjon mot straummålarane i eige nett. Dette gjer at vi kan fjernavlese alle straummålarane som er i nettet.

Vi skal produsere el-kraft og tilby sikker og rasjonell energiforsyning til konkurransedyktige prisar!

  • Daglig leder: Ola Raknes
  • Adresse: Ødegårdsvegen 123, 6200 Stranda
  • Telefon: 93 07 98 90
  • Vakttelefon: 70 26 08 65
  • E-post: firmapost@strandaenerginett.no
  • Org.nr.: 979 951 140
  • Nettkunder: 3 560

Vasskraft som rein og fornybar energi skal vere førstevalget for alle!